LURKALARM 2015

EVENT INFORMATION

Lurkalarm er Bygdalarm sin trivelige versjon av Norseman – Eit triathlon med fokus på friske, fysiske utfordringar i vestlandsk naturidyll, kombinert med enormt god stemning. Konkurransen er velegna for deg som likar kaldt vatn, motbakkesykling og springing i lett kupert terreng på mjukt underlag. Målet er å samle både dei aller seigaste så vel som dei aller blidaste. Triathlonet er ope for alle og det er førstemann til mølla som sikrar seg plass blant dei 30 individuelle og dei 10 laga (3 per lag) som får plass. Vær kjapp på labben, då Lurkalarm dei siste åra har vore meir enn fulltekna. Me skiljer mellom damer og menn i individuell klasse, medan det i lagklassen er fritt fram for å mikse. Ein må ha eigen sykkel, samt eige våtdrakt (valfritt) til symjinga.

Hovudvinsten er ein etterkvart særs tradisjonsrik og gjev linjelurk. Ein lurk er ein avskava bjørkekjepp og nettopp denne lurken er av sorten vandre-lurk som vinnaren sjølv må bera 1000 høgdemeter opp på fjellet Skrott for å få rissa inn namnet sitt. Åstaden for seremonien er naturperla Breidablikk, som ligg rett under toppvarden på fjellet og riss-meister er fjellmannen Bjarne Huse.

Trasé

Triathlonet startar med symjing i fjorden (omlag 150 meter) frå Øystesetranda til enden av fjøra nedanfor festivalområdet. Etter ein frisk start hiv ein seg på sykkelen og trakkar seg oppover asfalten (5 km langs Fitjedalsvegen) i retning Klypeleitet, som markerer starten på Sogestien og siste etappe. Frå Klypeleitet gjenstår 4 km springing på sti langs vestsida av Fitjedalsvatnet inn til målpassering på Fete innerst i Fitjadalen. Når alle 60 har passert måltreken vert det målfest og premieutdeling på Blekeld, samt matservering til utøvarane. Her vert det kåring av ”Årets Lurk” og Årets Lurkalaug”, samt utdeling av diplom til alle deltakarane.

Tryggleik

Raude Krossen (RK) har mannskap på plass i båt på fjorden, samt i fylgjebil langs sykkeletappen. Under springinga har ein mannskap i løypa med enkelt fyrstehjelpsutstyr samt samband med RK. Me oppmodar alle til å ha med seg drikke på sykkeletappen. Langs springeetappen kan ein drikke av bekkar og det vert også delt ut drikke ved målgang.

Praktisk info

Innsjekk: Ved festivalinngangen frå kl 17.00 torsdag 2. juli 2015

Pris: 

kr 150 per person + avgift 

kr 450,- per lag + avgift  

Påmelding: Kjøp billett her og send mail til lurkalarm@bygdalarm.no med namn, tlf.nr og heimkommune. Hugs å skrive fulle navn på alle deltakarane (lag). 

NB! Vær gild å gje lyd om du ikkje skal nytta plassen din, då me sett opp venteliste.

Kontaktperson: Ida Sørheim (lurkalarm@bygdalarm.no) 


Waiver

Alle deltakarar deltek på eige ansvar