Lurkalarm 2019

EVENT INFORMATION





Lurkalarm er Bygdalarm sin trivelege versjon av Norseman – Eit triathlon med fokus på friske, fysiske utfordringar i vestlandsk naturidyll, kombinert med enormt god stemning. Konkurransen er veleigna for deg som likar kaldt vatn, motbakkesykling og løp i lettkupert terreng på mjukt underlag. Målet er å samla både dei aller seigaste så vel som dei aller blidaste. Triathlonet er ope for alle. Det er førstemann til mølla som sikrar seg plass blant dei 30 individuelle og dei 10 laga (3 per lag) som får plass. Ver kjapp på labben, då Lurkalarm mange år har vore meir enn fullteikna. Me skil mellom damer og menn i individuell klasse, medan det i lagklassen er fritt fram for å miksa. Ein må ha eigen sykkel, samt eige våtdrakt (valfritt) til symjinga.

Hovudvinsten er ein etterkvart særs tradisjonsrik og gjev linjelurk. Ein lurk er ein avskava bjørkekjepp og nettopp denne lurken er av sorten vandre-lurk.

Trasé

Triathlonet startar med symjing i fjorden (omlag 150 meter) frå Øystesetranda til enden av fjøra nedanfor det tidlegare festivalområdet til Bygdalarm. Etter ein frisk start hiv ein seg på sykkelen og trakkar seg oppover asfalten (5 km langs Fitjedalsvegen) i retning Klypeleitet, som markerer starten på Sogestien og siste etappe. Frå Klypeleitet gjenstår 4 km springing på sti langs vestsida av Fitjedalsvatnet inn til målpassering på Fete innerst i Fitjadalen. Når alle 60 har passert målstreken vert det målfest og premieutdeling. Det vert kåring av ”Årets Lurk” og "Årets Lurkalaug”, samt utdeling av diplom til alle deltakarane. Meir informasjon om tid og stad for dette kjem. 

Tryggleik

Raude Krossen (RK) har mannskap på plass i båt på fjorden, samt i fylgjebil langs sykkeletappen. Under springeetappen har ein mannskap i løypa med enkelt fyrstehjelpsutstyr samt samband med RK. Me oppmodar alle til å ha med seg drikke på sykkeletappen. Langs springeetappen kan ein drikka av bekkar og det vert også delt ut drikke ved målgang.

Praktisk info

Innsjekk: I fjøra i Øystese frå kl. 17:00 (torsdag 4.juli)

Pris: 

kr 250 per person + avgift

kr 600,- per lag + avgift

Påmelding: Kjøp billett her og send e-post til lurkalarm@bygdalarm.no med namn, tlf.nr og heimkommune. Hugs å ha med fulle namn på alle deltakarane (lag).

NB! Ver gild å gje lyd om du ikkje skal nytta plassen din, då me set opp venteliste.

Kontaktpersonar: Hilde Børven og Mari Ulvund (lurkalarm@bygdalarm.no)





Waiver

Alle deltakarar deltek på eige ansvar